mandag 28. juli 2014

LÅRDALSTIGEN - ble født


Denne artikkelen sto i historieskrift for Tokke:


LÅRDALSTIGEN – TØFFARE ENN BESSEGGEN

Ein Lårdøl kasta ein ball i lufta:
Enn om vi ryddar ein sti på fjellkanten mellom Lårdal og Dalen?
Vi kan kalle den «Tøffare enn Besseggen!»
 - "det går ikkje an..." - "det er uframkomeleg..." - "alt for langt..." 
Det var reaksjonane. Men så var det ein spreking, orienteringsveteran på 75 år som tok imot ballen og tenkte:
- Kan jo prøve, og så fann han ut at det gjekk!
Han fekk med seg eit par-tre andre pensjonistar som hadde møtt motgang før, og som ikkje var redde for å ta i eit tak. Dei grovrydda og prøvemerka ein framkomeleg veg gjennom eit rasområde, over ein høg nut, forbi nokre kjende fjellformasjonar og kom fram til bilvegen mellom Eidsborg og Dalen.  Dei orientera seg etter kart, Bandak og dyretrakk.
Dette var våren 2007.
Turfolk vart oppfordra til å bli med for trakke opp og merke løypa. Det var naturleg å dele  jomfruløypa i tre turar:
  •   Første turen gjekk frå bedehuset midt i Lårdal, forbi Holteplassane og til Heddedalen. Der kunne ein ta ein avstikkar og kome til bilveg i Støylsdalen.
  •   Neste tur starta ved Mæland i Støylsdalen. Den gjekk forbi støylen Heddedalen, over Gløstøylnuten og til Kapteinrenna. Der vart det merka gul avstikkar ned til Mæland att.
  •  Siste delen starta ved Sui-Rue øvst i Eidsborgkleivane og gjekk forbi Juvstøyl og Møyskriv til Kapteinrenna og ned Grasdalvegen til Mæland.

Tilbakemeldinga var at dette var ein krevjande tur i storslått natur som fleire måtte få ta del i .
Alle grunneigarane hadde gitt samtykke til at ein rydda og merka denne spektakulære traseen og det vart fastsett ein dato sist i mai 2008 da ein skulle invitere til pangopning av turvegen.
Det var hektisk aktivitet siste vekene før opningsturen.  Snøen låg lenge og ein måtte rydde vindfall,  sette opp plakatar og stadnamnskilt og merke opp traseen på nytt. Hovudstien fekk raud og blå merking og sidevegar har gule merke.
Planen var felles start ved Sui-Rue på Dalen-sida, 5-9 timar vandring og rutebåten attende til Dalen. Frå båten kunne ein sjå opp på den fjellrekkja ein hadde passera nokre timar tidlegare.

 Snora skal klyppast. Olav Ormestøyl, Jørgen Kasin,Isak Isaksen og Einar Strand  

 31. mai 2008 inviterte Lårdal til opningstur.
200 turglade og forventningsfulle folk frå fjern og nær sto på startstreken saman med korps, ordførar og journalistar.
Turen ble enorm! Dei som hadde gått Besseggen sa at dette VAR tøffare!
Været var perfekt, - litt dis som gjorde at sola ikkje var for intens, men sikten var god. Vi såg rett ned i innsjøen Bandak fleire stader og hadde mange spektakulære opplevingar. Ein tysk journalist hadde nær svima av, da han fann ut at stien ikkje var asfaltera, og farga damer frå nabokommunen kom med og utan «burka». Dei var overraskande spreke!
Den merka stien går delvis ute langs fjellkanten og tidvis inne i frodig skog. Høgaste punkt på turen er 840 meter o h – da ser ein vatnet 770 m lenger ned.
Dei raskaste gjekk turen på litt over 3 timar, - andre var sosiale, utforska sidevegar, fotografera og sola seg. Dei som ikkje hadde ork til heile turen, tok ein lettare snarveg til Støylsdalen og ble henta av minibuss.
Vel framme i Lårdal var det øl og gatekjøkenmat hos Ivar på "campingen" og Hege servera fiskesuppe, kaffe og sveler i hotellhagen. Bygdefolk som ikkje hadde gått turen, møtte opp for å fortelje historier frå den tida dei "rente tømmer" i dei bratte liene som vi hadde passert.
Så kom "Victoria" ute i fjorden og tok med mange av turdeltakarane tilbake til Dalen.


Båten kjem til Lårdal Bryggje

Dugnadsarbeid.

Ingen veit kor mange timar den harde kjerne i dugnadsgjengen har bruka for at vi kan ta oss fram i dette meir eller mindre utilgjengelege terrenget. Dei har bore på øks og motorsag, krafse og anna utstyr for å lage vegen.


 Krafsekarar ved Holte: Einar Strand og Asbjørn Fjellet

Dei merka fleire trasear med plastband, før ein fann den noverande stien som vart merka med raud og blå maling. Dugnadsgjengen har og bore fram materialar til istandsetting av ei gamal skogskoie som dukka fram – og dei la på nytt tak sist sommar.  Koia hadde stått ubrukt i 50 år og skreik etter stell – noko som førde til tjørebrenning ved Bandakstranda og eit strøk heimkoka tjøre på ytterveggane.
Det dukka opp plank til stadnamnskilting som og fekk ein omgang med tjære før namna vart «skore ut» med motorsag og dei fekk ein brennmerkt turfigur som viser veg.
Når du ser namneskilta undervegs så skal du vite at her ligg mykje arbeid bak!


Rette vegen til Lårdal

 Inne i koia fann ein vekeblad og aviser frå 1955. Det visa seg at koia var sett opp av lårdølar som hadde tømmerdrifter her midt på 50-talet. Denne hytta kan bli eit greitt krypinn for turfolk når ein får ordna med veggar, golv og ny innreiing – og kan hende ein omn?
Det er fleire merke etter tømmerdrifter både på Lårdalssida og på Eidsborgsida av Gløstøylnuten.
Ved Juvstøyl går vegen forbi restar av ein gamal taugbane og ein passerer fleire stader der ein rente tømmer ned til Bandak, t d Heddedalskotet og ved Møyskriv. Stien som slyngar seg opp mot Holteplassane i Lårdal går og tidvis i ei gamal tømmerrenne.

Flora og fauna.
Turstien slyngar seg gjennom eit svært variera terreng og jordsmonn og du vil finne planter, insekt, fuglar og dyr som ikkje er så vanlege å finne andre stader. Du går over gamal setervoll, langs myrdrag, over tørre bakkar og fjell - og i gamal, urørd skog der det knapt har gått folk før.
 I rasområdet mellom skogskoia og Holte har det vokse opp ein heilt ny flora som er berre 20 år gamal. Der finn du fleire orkidéartar, m a kvit skogfrue og søstermarihand. Det veks lind, svensk asal, timian, oregano og andre varmekjære artar.
Gaupa har tilhald i fjellsidene mot Bandak, og ein ser stadig spor etter rådyr, hjort og elg. Ørn og våk held til her, og i mai/juni flagra freda apollosommarfuglar rundt om i bakkane.

Går du Lårdalstigen fleire gonger vil du stadig finne noko nytt. Det kjem an på årstida, på været, om du går stilt og aleine og om du følgjer avstikkarane som er merka med gult. Nokre av dei går fram til utsynsplassar og nokre til andre stader f eks til Eidsborg og til Mæland i Støylsdalen.


Opningstur.
Kvart år vil det bli ein annonsera opningstur i månadsskiftet mai/juni.
I 2009 vert denne fellesturen laurdag 30. mai med startpunkt ved Sui-Rue øvst i Eidsborgberget.
Første del av Lårdalstigen er rimeleg lett å gå. Vil du ha meir utfordring, kan du gå utom Urdalen der du finn tufter etter tre husmannsplassar frå midt på 1800-talet og er du stø på beina, kan du sjå nærare på dei kjende fjellformasjonane Risen og Gygri.
Stien går rett forbi Møyskriv som og er ein spesiell fjellformasjon med loddrette fjell på både sider av ei djup renne som går ned til Bandak. Står du på rette plassen ser du ein stor stein som ligg på tvers og du kan sjå Bandak gjennom ei firkanta ramme.


 Møyskriv

Kapteinrenna er og ei slik djup renne som gir fint utsyn til Lauvikgardane som ligg på motsett side av Bandak. Kjem du her tidleg om morgonen eller i kveldinga, kan du vere heldig å få kanalbåten i fokus.
No bér det opp til Gløstøylnuten (848 m o h) som er høgaste punkt på turen. Her finn du idylliske rasteplassar med gamle forvridde furutre som klorar seg fast i fjellet og du kan sjå dei øvste gardane  i Lårdal i det fjerne.


Rast. Jørgen, Einar, Jon, Gunlaug, Tarjei og Magne. Olav og Signe bak.

Ein klatrar ned frå fjellet og inn i eit skog- og myrterreng der stien leikar med digre, trolske kampesteinar.
Her er det lett å finne ly om det kjem ei skur, men no er det ikkje langt att til skogskoia med open dør for alle som kjem forbi.
Litt før du kjem til koia er det eit vegskilje der du kan ta ein snarveg forbi støylen Heddedalen og følgje sti til Mæland i Støylsdalen. Om du merkar at forma er skral, kan du bruke mobilen og få tak i bilskyss.
Du har no den desidert tyngste del av turen føre deg. Mange synest at den er vel verd strevet, men i dårleg vær kan den være litt skummel. Har du ikkje stavar med deg, kan du finne ein hasselkjepp å stø deg på!
Stien krøker seg nedover mot Bandak og du ser etter ei stund at det er berre unge lauvtre og mange angande urter rundt deg. Da er du inne i eit botanisk spanande område der det fór eit stein- og jordras for 15-20 år sidan. Ein må i nerkanten av raset, 225 m over Bandak, før stien tek deg oppover igjen, og du må kravle 50 m nesten rett opp før du kan snu nasen nedover mot Lårdal.
Første plassen du kjem til er øvre Holte der det budde folk heilt fram til 1910. Her står eit tømra fjøs, og du kan godt sjå åkrane og jorda dei slo. Du kan og skimte gardane i Lårdal mellom trea. Det går ein traktorveg rett ned til bygda, men eg vil absolutt rå deg til å følgje stien som tek av til høgre litt nedom Holte. Etter ei lita kneik slynger den seg fint ned igjennom til bygda, og du kjem fram til eit utsiktspunkt som du ikkje må gå forbi.


Utsyn mot nedre del av Lårdal

Her får du eit panoramabilete av den mest folkerike delen av bygda, og du kan sjå bryggja der kanalbåten legg til i kveldinga.
Store deler av turen har du gått i jomfrueleg terreng, men i første og siste delen av ruta har det vandra mykje folk før deg.
Ein av grunnane til at ingen har busett seg i dei solrike liene er kan hende at det er lite vatn å finne. Det ser ut som om alle bekkar renn «feil» veg. Vi går nære Diplane, eit par småtjønner, men det er myr rundt og vanskeleg å få tak i vatn eller ta seg ein dukkert.
Det er nesten ikkje til å tru at ein slik vill idé kan setjast ut i livet. Ikkje ofte at vegen frå tanke til handling går så raskt.
Denne gongen skal ein sprek pensjonist ha mykje av æra for at ein gjeng nyfikne fotfolk får gleda av å bli kjend i spanande og nytt terreng.

Alle som går denne turen kan sende gode tankar til
  •   Karl Torstein Hetland som var så galen at han kom med ideen
  •   Einar Strand som tok utfordringa, la treningsturane hit, og staka ut vegen
  •   Jørgen Kasin som har risikera liv og lemmar for å ta gode bilete
  •   Olav, Isak og Asbjørn som saman med Einar har vore hard kjerne i dugnadsgjengen
  •   Tarjei Førstøyl som har leita fram historier og skrive om dei plassane ein fér forbi
  •   alle som har prøvegått trasèen og gitt gode råd
  •   alle lårdølar og andre som er med på å få i stand sesongopningsturar og held stien open

Vert du freista til å gå denne turen aleine eller saman med andre – frå Lårdal eller frå Dalen - så må du vere i god fysisk form og du må rekne med å bruke 5-9 timar på heile turen.
Du bør ha:
-       sko med gode sålar og gjerne ankelstøtte
-       nok drikke - særleg på varme dagar og om du går raskt
-       fotoapparat, kikkert og niste
-       så god tid at du kan utforske terrenget utanom hovedstien
-       stavar, - dei er gode å ha, men lett å gløyme att....
 
Eg vil ønskje alle ein minneverdig tur med høgdepunkt som seint vil bli gløymde på Lårdalstigen mellom dagens kommunesenter Dalen, og det gamle kommunesenteret Lårdal.



Einar og Asbjørn med merkeboks og utstyr. De har hovedansvaret for å merke løypa og rydde den for vindfall og og andre ulumskheter.

Kirsten Homme



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar