Denne artikkelen sto i historieskrift for Tokke:
LÅRDALSTIGEN
– TØFFARE ENN BESSEGGEN
Ein Lårdøl kasta ein ball i lufta:
Enn om vi ryddar ein sti på
fjellkanten mellom Lårdal og Dalen?
Vi kan kalle den «Tøffare enn
Besseggen!»
- "det går ikkje an..." - "det
er uframkomeleg..." - "alt for langt..."
Det var reaksjonane. Men så var
det ein spreking, orienteringsveteran på 75 år som tok imot ballen og tenkte:
- Kan jo prøve, og så fann han ut
at det gjekk!
Han fekk med seg eit par-tre andre pensjonistar som hadde møtt motgang før, og som ikkje var redde for å ta i eit tak. Dei grovrydda og prøvemerka ein framkomeleg veg gjennom eit rasområde, over ein høg nut, forbi nokre kjende fjellformasjonar og kom fram til bilvegen mellom Eidsborg og Dalen. Dei orientera seg etter kart, Bandak og dyretrakk.
Han fekk med seg eit par-tre andre pensjonistar som hadde møtt motgang før, og som ikkje var redde for å ta i eit tak. Dei grovrydda og prøvemerka ein framkomeleg veg gjennom eit rasområde, over ein høg nut, forbi nokre kjende fjellformasjonar og kom fram til bilvegen mellom Eidsborg og Dalen. Dei orientera seg etter kart, Bandak og dyretrakk.
Dette var våren 2007.
Turfolk vart oppfordra til å bli
med for trakke opp og merke løypa. Det var naturleg å dele jomfruløypa i tre turar:
- Første turen gjekk frå bedehuset midt i Lårdal, forbi Holteplassane og til Heddedalen. Der kunne ein ta ein avstikkar og kome til bilveg i Støylsdalen.
- Neste tur starta ved Mæland i Støylsdalen. Den gjekk forbi støylen Heddedalen, over Gløstøylnuten og til Kapteinrenna. Der vart det merka gul avstikkar ned til Mæland att.
- Siste delen starta ved Sui-Rue øvst i Eidsborgkleivane og gjekk forbi Juvstøyl og Møyskriv til Kapteinrenna og ned Grasdalvegen til Mæland.
Tilbakemeldinga var at dette var
ein krevjande tur i storslått natur som fleire måtte få ta del i .
Alle grunneigarane hadde gitt
samtykke til at ein rydda og merka denne spektakulære traseen og det vart
fastsett ein dato sist i mai 2008 da ein skulle invitere til pangopning av
turvegen.
Det var hektisk aktivitet siste
vekene før opningsturen. Snøen låg lenge
og ein måtte rydde vindfall, sette opp
plakatar og stadnamnskilt og merke opp traseen på nytt. Hovudstien fekk raud og
blå merking og sidevegar har gule merke.
Planen var felles start ved
Sui-Rue på Dalen-sida, 5-9 timar vandring og rutebåten attende til Dalen. Frå
båten kunne ein sjå opp på den fjellrekkja ein hadde passera nokre timar
tidlegare.
31. mai 2008 inviterte Lårdal til
opningstur.
200 turglade og forventningsfulle
folk frå fjern og nær sto på startstreken saman med korps, ordførar og
journalistar.
Turen ble enorm! Dei som hadde
gått Besseggen sa at dette VAR tøffare!
Været var perfekt, - litt dis som
gjorde at sola ikkje var for intens, men sikten var god. Vi såg rett ned i
innsjøen Bandak fleire stader og hadde mange spektakulære opplevingar. Ein tysk
journalist hadde nær svima av, da han fann ut at stien ikkje var asfaltera, og
farga damer frå nabokommunen kom med og utan «burka». Dei var overraskande
spreke!
Den merka stien går delvis ute langs fjellkanten og tidvis inne i frodig skog. Høgaste punkt på turen er 840 meter o h – da ser ein vatnet 770 m lenger ned.
Dei raskaste gjekk turen på litt over 3 timar, - andre var sosiale, utforska sidevegar, fotografera og sola seg. Dei som ikkje hadde ork til heile turen, tok ein lettare snarveg til Støylsdalen og ble henta av minibuss.
Vel framme i Lårdal var det øl og gatekjøkenmat hos Ivar på "campingen" og Hege servera fiskesuppe, kaffe og sveler i hotellhagen. Bygdefolk som ikkje hadde gått turen, møtte opp for å fortelje historier frå den tida dei "rente tømmer" i dei bratte liene som vi hadde passert.
Den merka stien går delvis ute langs fjellkanten og tidvis inne i frodig skog. Høgaste punkt på turen er 840 meter o h – da ser ein vatnet 770 m lenger ned.
Dei raskaste gjekk turen på litt over 3 timar, - andre var sosiale, utforska sidevegar, fotografera og sola seg. Dei som ikkje hadde ork til heile turen, tok ein lettare snarveg til Støylsdalen og ble henta av minibuss.
Vel framme i Lårdal var det øl og gatekjøkenmat hos Ivar på "campingen" og Hege servera fiskesuppe, kaffe og sveler i hotellhagen. Bygdefolk som ikkje hadde gått turen, møtte opp for å fortelje historier frå den tida dei "rente tømmer" i dei bratte liene som vi hadde passert.
Så kom "Victoria" ute i
fjorden og tok med mange av turdeltakarane tilbake til Dalen.
Båten kjem til Lårdal Bryggje
Dugnadsarbeid.
Ingen veit kor mange timar den
harde kjerne i dugnadsgjengen har bruka for at vi kan ta oss fram i dette meir
eller mindre utilgjengelege terrenget. Dei har bore på øks og motorsag, krafse
og anna utstyr for å lage vegen.
Krafsekarar ved Holte: Einar Strand og Asbjørn
Fjellet
Dei merka fleire trasear med
plastband, før ein fann den noverande stien som vart merka med raud og blå
maling. Dugnadsgjengen har og bore fram materialar til istandsetting av ei
gamal skogskoie som dukka fram – og dei la på nytt tak sist sommar. Koia hadde stått ubrukt i 50 år og skreik
etter stell – noko som førde til tjørebrenning ved Bandakstranda og eit strøk
heimkoka tjøre på ytterveggane.
Det dukka opp plank til
stadnamnskilting som og fekk ein omgang med tjære før namna vart «skore ut» med
motorsag og dei fekk ein brennmerkt turfigur som viser veg.
Når du ser namneskilta undervegs
så skal du vite at her ligg mykje arbeid bak!
Rette vegen til Lårdal
Inne i koia fann ein vekeblad og aviser frå
1955. Det visa seg at koia var sett opp av lårdølar som hadde tømmerdrifter her
midt på 50-talet. Denne hytta kan bli eit greitt krypinn for turfolk når ein får
ordna med veggar, golv og ny innreiing – og kan hende ein omn?
Det er fleire merke etter
tømmerdrifter både på Lårdalssida og på Eidsborgsida av Gløstøylnuten.
Ved Juvstøyl går vegen forbi
restar av ein gamal taugbane og ein passerer fleire stader der ein rente tømmer
ned til Bandak, t d Heddedalskotet og ved Møyskriv. Stien som slyngar seg opp
mot Holteplassane i Lårdal går og tidvis i ei gamal tømmerrenne.
Flora og fauna.
Turstien slyngar seg gjennom eit
svært variera terreng og jordsmonn og du vil finne planter, insekt, fuglar og
dyr som ikkje er så vanlege å finne andre stader. Du går over gamal setervoll,
langs myrdrag, over tørre bakkar og fjell - og i gamal, urørd skog der det
knapt har gått folk før.
I
rasområdet mellom skogskoia og Holte har det vokse opp ein heilt ny flora som
er berre 20 år gamal. Der finn du fleire orkidéartar, m a kvit skogfrue og
søstermarihand. Det veks lind, svensk asal, timian, oregano og andre varmekjære
artar.
Gaupa har tilhald i fjellsidene
mot Bandak, og ein ser stadig spor etter rådyr, hjort og elg. Ørn og våk held
til her, og i mai/juni flagra freda apollosommarfuglar rundt om i bakkane.
Går du Lårdalstigen fleire gonger
vil du stadig finne noko nytt. Det kjem an på årstida, på været, om du går
stilt og aleine og om du følgjer avstikkarane som er merka med gult. Nokre av
dei går fram til utsynsplassar og nokre til andre stader f eks til Eidsborg og
til Mæland i Støylsdalen.
Opningstur.
Kvart år vil det bli ein
annonsera opningstur i månadsskiftet mai/juni.
I 2009 vert denne fellesturen
laurdag 30. mai med startpunkt ved Sui-Rue øvst i Eidsborgberget.
Første del av Lårdalstigen er
rimeleg lett å gå. Vil du ha meir utfordring, kan du gå utom Urdalen der du
finn tufter etter tre husmannsplassar frå midt på 1800-talet og er du stø på
beina, kan du sjå nærare på dei kjende fjellformasjonane Risen og Gygri.
Stien går rett forbi Møyskriv som
og er ein spesiell fjellformasjon med loddrette fjell på både sider av ei djup
renne som går ned til Bandak. Står du på rette plassen ser du ein stor stein
som ligg på tvers og du kan sjå Bandak gjennom ei firkanta ramme.
Møyskriv
Kapteinrenna er og ei slik djup
renne som gir fint utsyn til Lauvikgardane som ligg på motsett side av Bandak.
Kjem du her tidleg om morgonen eller i kveldinga, kan du vere heldig å få
kanalbåten i fokus.
No bér det opp til Gløstøylnuten
(848 m o h) som er høgaste punkt på turen. Her finn du idylliske rasteplassar
med gamle forvridde furutre som klorar seg fast i fjellet og du kan sjå dei
øvste gardane i Lårdal i det fjerne.
Rast. Jørgen, Einar, Jon,
Gunlaug, Tarjei og Magne. Olav og Signe bak.
Ein klatrar ned frå fjellet og
inn i eit skog- og myrterreng der stien leikar med digre, trolske kampesteinar.
Her er det lett å finne ly om det
kjem ei skur, men no er det ikkje langt att til skogskoia med open dør for alle
som kjem forbi.
Litt før du kjem til koia er det
eit vegskilje der du kan ta ein snarveg forbi støylen Heddedalen og følgje sti
til Mæland i Støylsdalen. Om du merkar at forma er skral, kan du bruke mobilen
og få tak i bilskyss.
Du har no den desidert tyngste
del av turen føre deg. Mange synest at den er vel verd strevet, men i dårleg
vær kan den være litt skummel. Har du ikkje stavar med deg, kan du finne ein
hasselkjepp å stø deg på!
Stien krøker seg nedover mot
Bandak og du ser etter ei stund at det er berre unge lauvtre og mange angande
urter rundt deg. Da er du inne i eit botanisk spanande område der det fór eit
stein- og jordras for 15-20 år sidan. Ein må i nerkanten av raset, 225 m over
Bandak, før stien tek deg oppover igjen, og du må kravle 50 m nesten rett opp
før du kan snu nasen nedover mot Lårdal.
Første plassen du kjem til er
øvre Holte der det budde folk heilt fram til 1910. Her står eit tømra fjøs, og
du kan godt sjå åkrane og jorda dei slo. Du kan og skimte gardane i Lårdal
mellom trea. Det går ein traktorveg rett ned til bygda, men eg vil absolutt rå
deg til å følgje stien som tek av til høgre litt nedom Holte. Etter ei lita
kneik slynger den seg fint ned igjennom til bygda, og du kjem fram til eit
utsiktspunkt som du ikkje må gå forbi.
Utsyn mot nedre del av Lårdal
Her får du eit panoramabilete av
den mest folkerike delen av bygda, og du kan sjå bryggja der kanalbåten legg
til i kveldinga.
Store deler av turen har du gått
i jomfrueleg terreng, men i første og siste delen av ruta har det vandra mykje
folk før deg.
Ein av grunnane til at ingen har
busett seg i dei solrike liene er kan hende at det er lite vatn å finne. Det
ser ut som om alle bekkar renn «feil» veg. Vi går nære Diplane, eit par
småtjønner, men det er myr rundt og vanskeleg å få tak i vatn eller ta seg ein
dukkert.
Det er nesten ikkje til å tru at
ein slik vill idé kan setjast ut i livet. Ikkje ofte at vegen frå tanke til
handling går så raskt.
Denne gongen skal ein sprek
pensjonist ha mykje av æra for at ein gjeng nyfikne fotfolk får gleda av å bli
kjend i spanande og nytt terreng.
Alle som går denne turen kan
sende gode tankar til
- Karl Torstein Hetland som var så galen at han kom med ideen
- Einar Strand som tok utfordringa, la treningsturane hit, og staka ut vegen
- Jørgen Kasin som har risikera liv og lemmar for å ta gode bilete
- Olav, Isak og Asbjørn som saman med Einar har vore hard kjerne i dugnadsgjengen
- Tarjei Førstøyl som har leita fram historier og skrive om dei plassane ein fér forbi
- alle som har prøvegått trasèen og gitt gode råd
- alle lårdølar og andre som er med på å få i stand sesongopningsturar og held stien open
Vert du freista til å gå denne
turen aleine eller saman med andre – frå Lårdal eller frå Dalen - så må du vere
i god fysisk form og du må rekne med å bruke 5-9 timar på heile turen.
Du bør ha:
- sko med gode sålar og gjerne
ankelstøtte
- nok drikke - særleg på varme
dagar og om du går raskt
- fotoapparat, kikkert og niste
- så god tid at du kan utforske
terrenget utanom hovedstien
- stavar, - dei er gode å ha, men
lett å gløyme att....
Eg vil
ønskje alle ein minneverdig tur med høgdepunkt som seint vil bli gløymde på Lårdalstigen
mellom dagens kommunesenter Dalen, og det gamle kommunesenteret Lårdal.
Einar og Asbjørn med merkeboks og utstyr. De har hovedansvaret for å merke løypa og rydde den for vindfall og og andre ulumskheter.
Kirsten Homme