Ein kan gå turen begge vegar, men det er greiast å starte frå SuiRui på toppen av Eidsborgberga. Turen kan ta inntil 9 timar med litt pauser – om du skal utom alle utsiktsplassane. Det vanlegaste er å bruke 6-8 timer.
Hvis du parkerer på Dalen kan du gå opp til SuiRui eller ta en Taxi opp dit og rutebåten fra Lårdal til Dalen.
Det er absolutt å
anbefale å gå om Urdalsplassane som ligg utpå kanten høgt over Bandak.
Stien hit er ubetydeleg lengre enn om du går rett opp til
Mærdalstjønni.
URDALEN
Det stadig aukande
folketalet frametter 1800-talet skapte rift om jordi og rift om brødet. I dei
ville Bandaksfjelli fanst det små, solvende jordlappar som kunne ryddast og
dyrkast, slik som her oppe i Urdalen. Her grodde det fram ikkje mindre enn tri
husmannsplassar frå 1850-talet og frametter. I 1875 budde det i alt 13
menneskje på dei tri bustadane. Dette året sådde dei tilsaman 3/8 tunne bygg og
vel seks tunner jordeple på åkerlappane sine (1 tunne = ca. 145 liter),
samstundes som dei fødde tri storfe, elleve sauir og tri geitar. Urdalsplassane
vart nedlagde på 1880-talet, men hustufter, murar og rudningsrøysar er framleis
den dag i dag klåre vitnemål om folket som fann livberging her.
MÆRDALSTJØNNI
I Eidsborg hev
segnene om den mektige Åse Stålekleiv livt på folkemunn frå mellomalderen og
fram til i dag. Ho var ei rik og og stolt kvinne, og det er sagt at ho åtte
nesten heile bygdi. Her i den vesle tjønnpytten, som vert kalla Mærdalstjønni,
skal ho ha sett ned tri ”buhagskjelar” fulle med pengar, ein under kvar av dei
tri torvene i tjønni. Ein bughagskjele er ein stor koparkjele, som vart nytta
til ysting. Det er òg fortalt at ho heime på garden sin søkkte pengeskrinet
sitt ned med trolldom i matvassbekken. Der kunne ein sidan høyre det skrangla i
pengar når sledemeien gjekk over skrinet. Mange hev leita etter skattane hennar
Åse, men ingen hev enno funne noko!
JUVSTØYL
Juvstøyl var støyl
til garden Kleppo i Eidsborg. Her var det full støylsdrift til omkring 1900.
Sidan vart støylen nytta som slåtte fram til 1945. Frå Juvstøyl ned bratthenget
til ”Hardingplassen” ved Bandak vart det rundt 1954 bygt taugbane og drive fram
omlag 1500 kbm. tømmer.
RISEN OG GYGRI
Sett frå Bandak
kneisar risen og gygri trassig mot himmelsyni, men gygri manglar hovud... Denne
særmerkte fjellformasjonen ved Juvstøyl hev ei segn knytt til seg. På Juvstøyl
ligg nokre steinblokkar som folkefantasien hev samanlikna med ei klyv.
”Riseklyvi” hev dei vore kalla. Segni seier at risen og gygri budde her på
Juvstøyl. Ein dag risen drog ut i marki etter ei klyv med ymse ”tølur”, skulle
gygri vera heime og koke graut. Men då risen kom attende fann han korkje graut
eller kokk. Gygri hadde reist utpå Bandaksfjellet for å vitje seg, eller ”sjala
seg” som dei gamle sa. Risen vart grylen, sette klyvi frå seg og rekte sporet
etter kona si. Han fann henne utpå høgste fluget. Det vart eit slagsmål som tok
– ikkje berre hårdraging og klyp, men ein leik som enda med at gygri miste
hovudet sitt. Risen kasta det over fjorden til Barskor etter at gygri hadde
slite manndomen av risen. Sidan hev dei stade der i stein, og er godt synlege
frå Bandak for alle ferdafolk
MØYSKRIV
Møyskrivet eller
Møyskrivrenna er ei djup renne med loddrett fjell på båe sider. Utpå dette
veldige gjelet ligg ei diger steinhelle tvers over renna. Herfrå kan du sjå
rett ned i Bandak, 600 meter nede.
Ei segn fortel at ei
dødsdømd jente skulle sleppe straff dersom ho greidde å hoppe over dette
gjelet, heilt uppe på toppen. Ho skal ha greidd det, og derav kjem dette
namnet, Møyskrivet. Det høyrest utruleg ut, for her kjem berre fjukande over!
Framleis liver soga
om ei tømmerdrift innpå heii her i 1904. Dei ville freiste og fire
tømmerstokkane ned renna ved hjelp av eit vindespel, for så å sende dei ned
fjellet til Bandak. Forsøket gjekk ikkje så bra og enda med at heile
innretningi vart rykt overende og forsvann i rasande flog gjenom renna og
utover fjellet.
GRASDALEN med "Fuhølet"
Grasdalsheii med
støylen Grasdalen høyrde frå gamalt av til garden Ålandslid i Lårdal, men er
sidan fråseld. Etter namnet å døme var her frodig beite og gode utslåttur. I
nærleiken av støylen låg ei slåtte som vart kalla ”Fuholet”.
KAPTEINSRENNA
Segni fortel at ein
kaptein eingong skal ha tekje seg opp fjellet frå Bandak gjenom dette ville og
storslegne gjelet.
Heddebu - skogshytta
ved Heddedalskotet.
Denne vesle hytta er
reist i samband med tømmerdrift i Bandaksfjellet. I tidlegare tider var det her
eit tømmerskot der tømmeret vart rennt ut fjellsida, ned til fjorden. Ovanfor
Heddedalsskotet, omlag 150 meter frå turvegen ligg den gamle støylen Heddedalan
gøymd i skogen.
HOLTEPLASSANE
Høgt og fritt over
Lårdalsbygdi ligg dei to nedlagde Holteplassane. Her var det fast busetnad
gjenom store delar av 1800-talet og på øvre Holte budde det folk fram til 1910.
I dag stend det framleis att litt av uthusi her. Nedre Holte vart nedlagt på
1890-talet, og er no heilt tilgrodd med skog, men også her finn ein husmurar og
store rudningsrøysar. I tillegg finst det gamle hustufter og merke etter
rudning oppå nuten ovom den nedre Holteplassen. Desse husmannsplassane høyrde
til Bjålandsgardane nede i bygdi. Vegen til bygdar fylgjer omlag same leid som
turvegen i dag. Soga fortel at seinste husmannen på øvre Holte ein gong i eit
vågemål bar ei tunne mjøl nedanfrå Trisæt den bratte vegen opp hit. Litt av eit
karstak må det ha vore, når ein kjem i hug at det stig omlag 400 høgdemeter på
den vel to kilometer lange vegen.
Dette er nokon av
plassane du vil kome forbi. Det står oppslagstavler med omlag same teksten som
her, men det står også andre opplysningsskilt undervegs.
Du kjem forbi fleire
store områder med konglomeratfjell, utiktspunkter og slagfeller for smådyr.
Der stien delar seg -
før skogshytta Heddebu er det eit spesielt steinparti med djupe holer.
Vi ønsker deg og alle ein fin tur!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar